/ / / / Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen

Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen

kr 175.00

Barndommens opplevingar går att i alle diktbøkene til Hamre, og likeeins utgjer ”mennesket og maktene” ein sentral tematikk i biletrike dikt både i frie og tradisjonelle, metriske vers.

Sikker betaling
ISBN: 978-82-7518-174-7 Produktnr: 534 Kategori:

Beskrivelse

Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen
Dikt i utval ved Ole Karlsen

Rolv Thesen alias Harald Hamre (1896 – 1966) er ein klassikar i norsk bokheim. Alt i unge år byrja han å skrive om bøker og vart ein av dei mest sentrale og respekterte kritikarane i førre hundreåret. Mest kjend er nok Thesen som litteraturforskar, og trilogien hans om Arne Garborgs dikting (1933 – 1939) er ennå ufråkommeleg innan Garborg-forskinga. Thesen tok dr.graden på det fyrste bandet i denne trilogien, og ei folkeutgåve av verket i eitt band kom i fleire opplag. Thesen fekk aldri stilling ved universitetet, men vart likevel ein av dei mest produktive litteraturforskarane i førre hundreår med bøker og artikkelsamlingar om mellom anna Olav Duun, Tore Ørjasæter og Johan Falkberget.

Thesen brevveksla og var omgangsven med mange av dei viktigaste forfattarane i si tid: Hulda Garborg, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Johan Falkberget, Rolf Jacobsen m.fl.

Som lyrikar debuterte Thesen under pseudonymet Harald Hamre fyrst i frigjeringsåret 1945. Til saman vart det tre kritikarroste diktbøker, Etter stormen (1945), og Trass i alt (1949) og Men ringen renn i hop (1963).  Dei tre bøkene kan lesast som ein trilogi bygd på sjølve livsgangen, frå barndommen i Moskenes og Lofoten til alderdommen på Hedmarken. Dette kjem òg fram i det fyldige utvalet av dikt som Ole Karlsen har gjort til Klokka seks dansar sola på Vallsetåsen. Barndommens opplevingar går att i alle diktbøkene til Hamre, og likeeins utgjer ”mennesket og maktene” ein sentral tematikk i biletrike dikt både i frie og tradisjonelle, metriske vers. Utvalet er utstyrt med innleiing av Ole Karlsen og etterord av Jan Olav Gatland.

Ole Karlsen, dr.art., professor i nordisk litteraturvitskap ved Høgskolen i Hedmark. Har skrive Fansmakt og bergsval dom. En studie i Olav H. Hauges romantiske metapoesi (2000), Ekfrasen i moderne norsk lyrikk (2003) og Streiflys. Om norsk og nordisk lyrikk (2006). Har skrive ei rad artiklar, særleg om moderne norsk lyrikk,  redigert ei rad vitskapelege antologiar om lyrikklesing, nordisk lyrikk og norske etterkrigslyrikarar. Siste bøker: Volds linjer (2011, saman med Thorstein Norheim) og Poesi og bildekunst. En antologi (2011).

Oplandske Bokforlag 2011
978-82-7518-174-7
110 sider

Tilleggsinformasjon

Vekt 165 g