Forsiden > Lyrikk > Sveen, Åsmund: Guten låg i graset

Klikk for større bilde

Sveen, Åsmund: Guten låg i graset
Dikt i utval


Kr 150,00
Beskrivelse
Guten låg i graset Dikt i utval

Forfattaren Åsmund Sveen var fødd i Sørskogsbygda i Elverum i 1910. Han fekk  gitt ut den første diktsamlinga si i 1932. Ho hadde tittelen Andletet. Han gav ut tre samlingar til før krigen: Jorelden (1933), Eros syng (1935) og Såmannen (1940). I 1936 kom romanen Svartjord. I tillegg skreiv han litterære artiklar i aviser og tidsskrift, og frå 1936 til krigsutbrotet var han litteraturkritikar i Dagbladet. Under krigen kom Bygdeviser. Ord og tonar (1943)og etter krigen Brunnen (1963) og Tonemesteren (1966). Den siste posthumt.

Dikta i dette utvalet har  utgjevarane Knut Imerslund og Knut Ødegård henta frå Sveens fire diktsamlingar før krigen, dei  to samlingane etter krigen og den utgåva av bygdevisene som Per Arneberg gav ut i 1970. To omsyn har vore avgjerande for korleis dette utvalet av Åsmund Sveens dikt har blitt, nemleg at kvaliteten på dikta skal vere god, og at dei skal vere representative for forfattarskapen til Sveen.


Oplandske Bokforlag 2009
ISBN: 978-82-7518-161-7