Forsiden > Regional litteratur > Jonsson, T.: Eit ord er eit under Tekster i samling (red.: H. Teigen)

Klikk for større bilde

Jonsson, T.: Eit ord er eit under Tekster i samling (red.: H. Teigen)


Kr 360,00
Beskrivelse

Tor Jonsson: Eit ord er eit under - Tekster i samling
Redigert Håvard Teigen, forord av Jon Fosse

Da Tor Jonsson gjekk bort i 1951, heitte det i ein av nekrologane at han dessverre ikkje kom til å bli hugsa ved 100-årsjubileumet, fordi han hadde skrive for lite og døydde for ung.

I år er det 100-årsjubileum, og Tor Jonsson blir feira i heile landet, heile året. Dei feste kjenner han som lyrikar. I denne boka har vi samla tekstene utanom lyrikken og ein del humordikt som ikkje er med i Dikt i samling. Også prosatekstene til Tor Jonssonhar kome ut _ eire gonger, og ei hovudforklaring er sjølvsagt at han skreiv så godt. Viktigare er det nok at
han skreiv om tema som alltid er aktuelle og skaper diskusjon i samfunnet. Sjølv kalla han tekstene sine«nesler», og i dag brenn dei sterkare enn nokon sinne. Til dømes var han sterkt imot å sende ungdomen i krigen for «den gode sak»; det er ikkje heltemodig å døy. Han skreiv artikkel etter artikkel der han åtvara mot det han kalla «den blinde trua», dei fundamentalistisk religiøse. Han skreiv også ei av dei tekstene som framleis blir mest brukte i kampanjar mot mobbing.
 
I denne boka har vi også lagt vekt på å vise at Tor Jonsson hadde ei heilt anna side: Han var ein stor humorist. Tor Jonsson var fattigfolkets diktar og talsmann, og bygda var arenaen hans. Mange brukersentrale ord og omgrep frå denne forfattarskapen utanå vite det. Han står bak «bygdedyret» og «vestkantkrokodilla», og ikkje minst var det han som skreiv at«eit ord er eit under». Setninga står i eit dikt der det først heiter at språket er makteslaust mot all svolt og vald i verda. Men det endar som ein lovsong til ordet, som er eit under, og som varar evig.
 
Håvard Teigen er leiar i Tor Jonsson-laget og har redigert boka. Han er professor på Høgskolen i Lillehammer.

Oplandske Bokforlag 2016