Forsiden > Vardeserien > Storaas, T. og Langedal, K. (red.): Ikkje berre ulv og bly

Klikk for større bilde

Storaas, T. og Langedal, K. (red.): Ikkje berre ulv og bly
Glimt frå forskinga på Evenstad


Kr 380,00
Beskrivelse
Ikkje berre ulv og bly
Glimt frå forskinga på Evenstad


Tilsette ved Institutt for skog- og utmarksfag på Evenstad ved Høgskolen i Hedmark har over tid undersøkt mange problemstillingar innan anvendt økologi og landbruksfag. I denne boka formidlar forskarane kunnskapane sine i artiklar frå ulike forskingsprosjekt som redaktørane har knytt saman i eit spennande forskingstog. 

Det startar med musetoget, hjortevilttoget og biomedisintoget før vi kjem til rovvilttoget og skogshønstoget. Så hektar fisketoget og kulturminnetoget seg på før den siste vogna der ein kan lese om fiskeoppdrett, næringsutvikling og skogbruk – og ikkje minst om studentar og lærarar ved instituttet på Evenstad.

Her er flest fagfellevurderte artiklar med ei vitskapleg tilnærming, og boka er gitt ut i Oplandske Bokforlag sin serie med vitskaplege utgjevinfar, Varde-serien. Men det er også nokre artiklar som formidlar erfaringar og inntrykk frå livet på Evenstad.

Høgskolen i Hedmark gjev no både master- og doktorgradsutdanning i anvendt økologi på Evenstad. Lesaren vil få ei god innføring i kva anvendt økologi er for noko – og kva forskarar i anvendt økologi studerer. Ein raud tråd i mange av artiklane er at økologi i seg sjølv er interessant, men enda meir interessant og viktig sett om ein ser det i samanheng med menneska sine behov og gjeremål. Spørsmålet/Utfordringa er korleis vi kan ta vare på naturen samstundes som menneska får tilfredsstilt sine behov. Dette er eit av dei viktigaste spørsmåla i tida.

Oplandske Bokforlag