Forsiden > Pedagogikk og språk > Pedagogikk > Haga, Sigurd: Utdannings- og undervisningskunsten

Klikk for større bilde

Haga, Sigurd: Utdannings- og undervisningskunsten
i akademiseringas og marknadstilpassingas epoke. Eit bidrag til debatt om høgskolens sjølvforståing og utviklingsretning


Kr 200,00
Beskrivelse
Utdannings- og undervisningskunsten i akademiseringas og marknadstilpassingas epoke. Eit bidrag til debatt om høgskolens sjølvforståing og utviklingsretning

Denne boka representerer eit alternativ og eit grundig tilsvar til den utanfrå- og ovanfråstyringa som i dei siste tiåra har prega alle omorganisringane, utdanningsdebatten og livet i dei høgare utdanningsinstitusjonane. Boka tar utgangspunkt i det grunnleggande skiljet mellom profesjonsorienterte og reint teoretiske fag og føreslår ei alternativ utviklingsretning for profesjonsfaga.

Boka bygger på ei tenking og ein rasjonalitet som plasserer hovudansvaret for det faglige organiserings- og utviklingsarbeidet hos primærpersonane - hos dei i utdanningane som har det praktiske ansvaret for å organisere innhaldet i opplæringa av elevar og studentar. Forfattaren gir eit velbegrunna svar på nokre av dei største utfordringane i vårt utdanningssamfunn:

- korleis heve kvaliteten i utdannings- og undervisningsarbeidet

- korleis ta vare på og vidareutvikle den faglege eigenarten i  profesjonsutdanningane samstundes som ein har den faglege problemfellesskapen, lærarkollektivet og den einskilde læraren i sentrum

- korleis heve respekten for læringsarbeid og styrke læraren sin faglege status.

Sigurd Haga har lang erfaring med undervisning og fagutviklingsarbeid i fleire profesjons- og vidareutdanningssamanhengar. Fag- og arbeidsmiljøutvikling, vitskapleggjering på dei praktiske faga sine eigne premissar og kreativ nyskriving kjenneteiknar forfattarens yrkespraksis - og i denne boka.

Boka hentar dei fleste eksempla frå høgskolen, men framstillinga er av allmenn interesse for heile universitets- og høgskolesektoren, og ho bør kunne gi inspirasjon og handlingsmot til alle utdannings- og samfunnsinteresserte - frå småskolen til Stortinget.


Oplandske Bokforlag 2007
ISBN: 978-82-7518-145-7
200 sider